top of page
jobblogg til conno

litt om hvordan det gikk med temmingen                          5 / 5                            03.10.2017

Etter kveldsfôringa reiste eg på ny til Conno ettersom eg var nygjerrig på korleis han fant seg til rette i boksen og lot han få komme inntil meg mens rosa og klappa han før eg strauk han på ny over kroppen. Han var litt tryggare nå, og mens eg rosa han undervegs i prosessen så kunne eg også børste han litt på framparten. Deretter gjekk eg litt rundt på bana med han før eg tok farvel med han og reiste heimatt.

litt om hvordan det gikk med temmingen                           4 / 5                         03.10.2017

Etter ei pause gjekk eg burt til grinda hans og lot han komme inntil før eg lot han få gå rundt med meg litt etter ein rask og fin join up runde. Dermed såg eg min moglegheit til å leie han ein tur utanfor inngjerdinga. Han var kjempeflink så eg vart nesten altfor overivrig, men eg beit i det sure eplet og leide han inn i ein ledig boks i stallen og lot han få prøve ut dei nye omgivelsane sine der i staden.

litt om hvordan det gikk med temmingen                           3 / 5                        03.10.2017

Seinare reiste eg på ny innom den kvite hingsten berre var sjå han og prata med han så han skulle bli skikkeleg trygg på meg. Etter ein lang tid så reiste eg meg og leide han ein tur rundt på bana før eg slapp han fri att og tok ned det provisoriske gjerde.

litt om hvordan det gikk med temmingen                          2 / 5                            03.10.2017

Etter lunsj tok eg ein ny runde med guten i join up før eg strøk hendene over kroppen mens eg ga han mykje ros undervegs og lot han bli kjent med stemma mi før oss gjekk rundt litt meir på bana mens eg ga han kommandoer som stå, eheh (roleg), høgre, venstre og gå. Han skjønte nok ikkje kommandoene, men eg gjorde dei kvar gong oss gjorde noko nytt så han lærar det etterkvart. Etter meir ros så ga eg meg for denne gongen og reiste heimatt ein tur.

litt om hvordan det gikk med temmingen                       1 / 5                       03.10.2017

Kjære jobblogg. I dag var eg innom Conno, hingsten som 11Sihaus friend eig for å trene han for fyrste gong. Eg vart vist meg den kvite hingsten som sto aleine på jordet og henta ein campingstol frå bilen og satte ved grinda. Han sto nokså langt inn på jordet og var nygjerrig og på vakt. Men han såg ut til å bli ein fornøyelse å trene. Eg gjekk for å hente dei gjerdematerialene som eg hadde fått hjelp til å få tak i, og gjekk i gong med å gjerde opp ein rundt paddock ved grinda for han, og han var usikker nok til å flytte seg frå der eg heldt på - mot grinda! Eg var kjempefornøyd og da eg var ferdig etter å ha passa på att eg vart på sida hans så gjekk eg bort til grinda og henta longeringslinja, grima og stolen. Fyrst satte eg meg berre midt i ringen på stolen og lot han få gå rundt slik han følte for mens eg prata til han, men etterkvart han vart litt rolegare tok eg med stolen burt til utkanten før eg gjekk til midten att og stilte meg opp til ein join up runde. Etter ein stund så fekk eg signalane eg trengte og lot han få komme inn til midten. Han kom, så med gleda i halsen gjekk eg rundt litt før eg torte å snu meg rundt og klappe han over hovudet og han såg tillitsfult på meg. Eg ga han litt godis før eg tok på han grima og gjekk rundt litt til med han før eg ga han meir godis. Deretter leide eg han litt med longeringslinja før eg ga oss for ein stund

Eidsåsens frozen fruits
bottom of page