top of page
dagboken til marita

31.05.2017 
sammen med: juliett

Eg fekk katten Oskar og hundane Juliett, Henry og Tommy frå Leyla i dag, og etter å ha fått dei andre inn på badet, skifta eg og reiste til veterinærklinikken med Juliett da ho har eit eller anna i fordøyelsen og att det plaga henne så eg gjekk rask i gong med å få henne på operasjonsbordet på avdelinga mi og tok røngten. Der fant eg eit eller anna i tarmen som ikkje kom til å bli med ut, og som hadde blokkert frå magen så eg satte henne i narkose og begynte operasjonen med å få ut gjenstanden. Det tok lang tid før eg kom så langt som til den delen av tarmen den var i, men da fekk eg sjokk av kva eg fant. Eg tok det ut og la på bollen ved jenta før eg begynnte den lange lukkeprosessen. Da eg endeleg var ferdig med å lukke henne - bit for bit og sette på plaster før eg så la henne inn i eit av burene i hundeavdelinga mi, før eg gjekk og skifta. Deretter sjekka eg henne, og sjekka dataen min om nye timar og slik. Etter rundt ein og ein halv time var ho vaken og kunne gå rundt i buret så eg klappa ho før eg tok henne med ut i bilen.

26.07.2015 
sammen med: alle dyrene

i dag vakna eg grytidleg. Allerede ved 5! Prøvde å sove ein stund til, men ettersom det ikkje fungerte så ga eg opp og gjekk inn til kaninane ettersom dei er mest nattdyr. Ettersom dei har eit nokså stort rom som eg vil utnytte mest mogleg planla eg å gjere litt endringar seinare idag. Så mens eg var der så fant eg ut eg skal lage store kasser med nettingdørar til gutane som kan stå oppå kvarandre slik att dei får større og betre områdar med moglegheitar for å hoppe og kose seg mykje betre i burene sine. Under burene der blir det da kasser med ulike saker og på andre sidan av gongen blir det da innhegninga til jentane som kan gå saman =) Imens eg tenkte på denne moglegheita ordna eg til ei liste over utstyr eg trengte og skrev likesågreitt opp både høyhekkar og beitebur med det samme. Så da blir det til att eg lager ti bur med det samme ;)

Under planlegginga gjorde eg reint i rommet og fylte på både mat og vatn og kosa med kaninane. Myown var fyrst ute idag med selen på, og det forsatte litt på samme måte som sist, men ho tok iallefall nokre hopp og jafs idag =) Dermed har ho kommet lengere i treninga si og når ho begynner å hoppe rundt ho også så skal eg gjere som "veteranene" mine (Attack, Blue Eyes & Amigo) fekk gjere idag. Dei fekk nemleg utanfor beiteburane og hoppe rundt mens eg styrte dei litt ved å gå bak dei og passe på att dei ikkje snudde seg, mykje kos  vart det da ;) Dei nye kaninane - Stråle, Proud, Dutti, Amethyst, Saphira, Sunny, Noelle, Lykke og Fernando fekk gå i beiteburene med sele på for å bli kjent med det "rare". Spot og Blue fekk gå ute utan noko på seg idag også ;)

Etter alle kaninane hadde blitt ordna, stelt og kost med gjekk eg ned til hundane etter å ha vaska hendene mine. Der fylte eg på matskålane og vasskålane før eg slapp dei ut og forsatte med kommandotreninga så nå kan alle unnteken dei nye frå Jenny sitt, ligg, vent og kom =D Dei frå Jenny må ha nokon timar til seinare idag, men dei nærmar seg stort å kunne det dei også =)

Da alle hundane hadde fått kos og sjekket på ny att alt var i orden gjekk eg ut til stallen. På vegen vurderte eg og ta villhestane fyrst, eller om eg skulle ta nokon av dei andre..
Det endte iallefall opp med att eg gjekk burt til villhestane mine og lot dei undersøke meg før eg gjekk inn i boksene til kvar enkelt av dei. Dei er nervøse enda, så eg tok det meget roleg og prata med dei og klappet dei som ville. Robon er jo mest kjent med folk og kan til og med bli leid inn og ut av hestehenger, så etter å ha børsta han vart han med meg på leietur rundt på den inngjerda tomtdelen så han fekk røre på seg - samt kunne lære seg att dei ulike tingene ikkje er så ille likevel. Han ville kjempegjerne inntil ein Ciela så han fekk da hilse på henne, men til slutt stakk ho såpass langt unna att han fekk eit lite støt av gjerde så han flyttet seg unna og vart med vidare opp til "åsen" på senteret med strand og sjø ved sidan av. Der fekk han drikke litt av vatnet mens eg klappa og stelte med han før eg tok han med attende bak stallen så han skulle få gå i paddocken der med ein del gras. Litt tull var det på turen, men i innhegninga fekk han da nokre gulerotbitar ;) Twisty og Winnie fekk ei runde med børsten før longeringstimen deirast. Mens Jing, Jang, Dusty og Corissante hadde nok med å prøve å bli fortrolig med stemmen og bevegelsane mine.
Så gjekk eg vidare til dei andre hestane og eslane mine og tok å børsta dei til dei skinte før dei fekk ein longeringstime kvar alle saman.

06.07.2015 
sammen med: alle dyrene

Kjære dagbok, idag prøvde eg ut mitt nye treningssystem for dyra. Det vil enkelt forklart si att alle dyra innanfor den gruppa (EHar, EH vingkledde, pegasusar, hestar, eslar, hundar, kaninar..) trenar på det samme.

Så da starta eg mårgåen med kaninane - seletrening. (KJØP AV SELE 5 stk - YNSKJAST)
Blue Eyes var ute i trening fyrst, og ettersom ho skulle vere ute ein stund med tak over beiteburet så satte eg på henne selen passe stramt (ca to fingrar mellom) og lot ho få gå rundt med den på. Nokon reagerar enten ved å unngå å bry seg, andre kan presse seg ned og bli liggjande til selen kjem av. Blue Eyes godtok dette bra så etter ein stund tok eg og hentet henne inn att og selen kom av. Amigo gjekk også ute så han også hadde på sele samtidig. Var litt meir ubehag syns han, men ingen særlige problem eigentleg. Resten unnteken dei to minste fekk også sele på ute, og det var verst for Myown som trykte seg ned. Derfor kjem oss til å gå saktigare fram med henne ;)

Etter kanintreninga gjekk eg til hundane (17 utstyrslistar) for å lære dei kom samt sitt. Kan skrive eit eksempel her, Popcorn var kjempeflink, men derimot var konsentrasjonen til  Ludo meir tvilsam. Sjølv om alle tilslutt kunne både komme og sitte aleine. Etter nokre treningsrundar til skal oss prøve felles ;)

Så var det eslane (11 stk - utstyrslistar). Eg viste ikkje heilt kva eg skulle starte med, men tilslutt vart det att eg børsta og trente på att dei skulle stå pent før eg dro fram hengaren og øvde på inn og utlasting til/frå transporten. Etter att alle hadde klart det begynte eg å trene å ha tyngde på ryggen.

Eigentleg gjorde eg det samme også med hestane (76 utstyrslistar), men nokon fekk også rideutstyr på seg og hadde tid i longreringslinja før oss tok kvelden

02.12.2014 
sammen med: alle dyrene

Lot samboeren ordne med hunder og kaniner og reiste rett til stallområdet der det myldret av liv. Stoppet sjå hestane fyrst og gjennomgjekk samme treningsplan idag som i går med dei, men da eg var ferdig gjekk eg til eslane der eg sette Lille Mais ut på gangen og begynte å stelle henne og ta på henne dekken. Da eg hadde gjort det tok eg med sal og hodelag ut til ridehuset og leide henne dit og gjekk litt med henne to gongar rundt på banen på ulik hand før eg tok på henne salen forsiktig etter att Mais hadde snust på den. Da den var på begynte ho å bukke og slenge seg rundt så det var bra eg var klar for det når eg holdt henne i grima utan tau og kunne berre sleppe henne. Da ho fant ut det ikkje gjekk ann og kvitte seg med rovdyret fekk eg komme inntil og hente henne før eg leide henne rundt litt til før timen vart avslutta for denne gongen. Da ho hadde fått av utstyret, hadde blitt børsta og satt ut henta eg ein av dei andre eslane og gjorde samme treninga til det var berre att føllene. Dei børsta eg og hadde på grime og fekk leid dei rundt litt for å trene dei på dette. Da alt dette var gjort var det allerede langt på kveld så eg så etter dyra før eg gjekk og tok kvelden. 

01.12.2014 
sammen med: alle dyrene

Starta dagen som vanleg ved seks og etter å ha ordnet meg gjekk eg inn til kaninane (som til og med har eigen vask) og begynte arbeidsoppgavane der. Der bytta eg på doene og oppdaterte litt på møbleringa før eg fylte etter både vatn og høy før eg ga dei mjøl (pellets). Etter å ha gjort ferdig arbeidsoppgåvane der og kost med alle sammen gjekk eg vidare ned til hundane. Slapp gutta fyrst ut i innhegninga deirast før eg slapp ut jentane til sin innhegning før eg gjekk inn og ordna til, med både vasking og greier før eg fylte etter vatn og fôr som dei skulle få i kveld ved innslepp så dei får vere ute når det var så fint vêr som idag =)
Da alt det var gjort gjekk eg og sjekket om vassautomatane i gårdane var i orden før eg gjekk i gong med å klyppe alle klør. Nokre av hundane var nesten omoglege, mens andre var så snille som berre det. Det var godt å få gjort ei runde, sjølv om ikkje alle trengte det. Derpå fekk dei mat før eg gjekk innom kaninane på ny og klypte klør der også samt slapp dei ut til sine innhegningar.

Så gjekk eg ned til hestane og lot samboeren min ta over dyra heime. Eg starta dagen sjå hestane med å sjekke att alle hadde vatn i automatane sine og gjekk så vidare til fôringskuret der rundballene står i innhegninga. Der fant eg ingen rundball så eg sende ein beskjed opp til stallhjelparane og gjekk vidare til krybbane og vaska dei. Deretter gjekk eg og henta Wonder og gleda meg for å endeleg kunne få litt kvalitetstid med henne. Lederen hadde sagt att eg kan trene dyra sjølv og innridninga er ein så viktig del - både i å skape kontakt og kunne gjere meir saman med dyra. Jenta mi kosa seg godt under børstinga, sjølv om eg var litt meir nedstemt med all pels som flaug rundt om oss. Da eg var ferdig gjekk eg ut på ridebanen med utstyret eg planla å skulle bruke før eg henta henne også til banen. Eg leide ho rundt litt først for å trene litt på kommandoer og veger samt la henne varme opp litt. Det gjekk bra så eg gjekk attende til grinda og sette på henne hodelaget og dekkenet og begynte å longrere henne med dobbel line på begge hender. Dette gjekk bra og unotene ho hadde sist time var ikkje der annet enn så vidt fyrst på så eg byttet ut dekkenet til salutstyret. Eg gjekk roleg framover og roste henne mykje med godord og klapp og lot henne få tid til å både vurdere tingene før eg la det på, og etter det var på. Så longerte eg henne på ny litt begge vegar og ettersom ho reagerte så bra på dette gjekk eg eit skritt vidare og tok over henne i vanleg leietau før eg la press på ryggen hennes på begge sidar. Dette gjekk bra og det hadde eg planlagt på forhånd også ettersom ho er vandt til det frå dekken og børstetiden når eg presser både børster og vekta mi mot henne. Da ho hadde utført dette lot eg henne gå over nokon cavaletter som var lagt på bakken som ei lita aktiv pause før oss vendte attennde til sjølve hovedfokuset. Da tok eg henne burt til påstigningsrampa inne på banen og lot henne få undersøke den nærmare før eg stilte henne inntil, sa stå og besteg rampa så eg vart høgare enn henne. Ho reagerte litt ved å snu seg og undersøke, men etter ros, tålmodigheit og klapp var det på ny ein behageleg atmosfære som gjorde så eg lente meg over henne på magen. Ho vart nervøs, men ikkje meir enn litt småtripping og undersøking som trengte klapp og prat for å roe seg. Eg steg av og gjekk av rampa før eg rakte henne ein godbit for ein fabelaktig innsats før eg gjekk med henne attende til oppsalingsringen og tok av henne utstyret, henta og rydda på plass tingene frå ridebana og gjekk over henne med ein god runde med børsting før eg satte henne ut til dei andre.

Neste hest på lista var Hirano Knight (Hirano for meg). Eg hadde både børsta og leid han litt før også, men idag tok oss først børstinga før han fekk på seg eit lett dekken så gjekk oss ut på bana som var tom, for han var det leik og litt vanskeleg, men livsviktig. Eg lot han vere med ei runde for å sjå seg rundt på begge hender før eg starta å gå i volter, stor slangeformasjon og litt ulike ting for å få han til å lytte på meg og lære seg kommandoer som trengs for å bli ein trygg hest. Han var kjempeflink og når han hadde fått til dette gjekk oss ein tur på stien eit stykke før han fekk siste børstinga før han slapp ut.

Siste hest for idag var Glory som eg fekk til å gjere det samme med som Wonder. Kunne ikkje gå så langt som å bruke rampa / stige på han, men berre det å sjå han for fyrste gongen under sal og hodelag var kjempefint. Etter treningsøkta fekk han nokre godbitar så gjekk oss oppover til oppbindingsplassen og fekk av utstyret og lot meg få enda meir pels på meg. Da han var ute gjekk eg inn i gangen til meg og henta støvsugeren for å få av den verste pelsmengda før eg tok hårrullen og gjekk over klærne. Vaskemaskina var definitivt neste og mens det pågjekk fekk eg også eit velfortjent bad med Noka ved sidan av.

30.10.2014 
sammen med: alle dyrene

Da eg sto opp ved seks var eg rask klar og hadde sluppet ut hundene og fôret både dei og kaninane så eslane var dei neste. Etter å ha fôra og sjekka att vassautomatane fungerte så dei hadde vatn samt funnet ut att ingen hadde fått føll enda gjekk eg i gang med å renske begge områdane - altså både inne og ute. Da alt endeleg var klart gjekk eg ein tur med alle saman, gjerne to og to med dei som var handtert mest for å la dei lufte seg. Med fødsel like rundt hjørnet i tankene vurderte eg å la dei følltunge hoppene få ein kortarte tur, men slo den frå meg da det beste er å bevege seg så alle fekk ein like lang tur - det vil si, alle unnteken Tika og Wino som fekk opplæring i pelsstell og korleis det er å ha på seg ei grime. Ein etter ein fekk også ein omgang med børstene. Etter å ha gjort alt eg hadde tenkt å gjere med dei gjekk eg til hestane. Det fyrste eg gjorde var å sjekke om alle hadde fått mat og om vassautomatane virker. Glory sin var litt vrang så den må eg be lederen om å få fikset sjølv eller be inn hjelp frå nokon. Da eg hadde gått over alle hentet eg grimer og leietauene til alle hoppene og leide dei til oppbindingsplassene der eg bandt dei før eg henta børstene og da eg kom attende var venninda mi der. Ho fekk kassa til Sølvia også gjekk oss gong med å børste dei. Da alle hestene - både med og uten både horn og vinger var klare satte opp dei ut så oss kunne renske på både inne og uteområdet. Da det var gjort vaska oss alt av dyreutstyr. Etter å ha gjort oss ferdige med alt reiste oss heim til meg der venninda mi slapp inn hundane mens eg stelte med kaninane. Da alt var klart laget oss mat og såg på ein spennende film ved namn Titanics ni liv før oss sovnet.

31.10.2014 
sammen med: alle hestene

Utstyr til resten av hestane vart bestilt idag, men enn så lenge bandt eg opp Wonder, Glory, Sunshine, Sparrow, Spirit, Ravolina, Brownie, Zirkon, Beauty, Zafira, Frikka, Zafra, Fresh, Freda, Melody, Linnea, Scho og Brio etter tur og børstet over alle samt leide kvar enkelt ein lang og god (samt nydeleg tur) i det kommende vinterlandskapet. Alle fekk også ein runde der oss øvde på trykk på ryggen samt nokon fekk salunderlaget og sal på ryggen også. Wonder som er mest proff fekk litt meir øving i longerinslinen med sal på, samt att eg tok på henne sele saman med ei venninde som hjalp til å få henne til å lyde meg sjølv om ho var i sele slik att oss kunne øve på signaler frå tøyler med hodelaget. Da oss var ferdige med kvar enkelt fekk alle ein godbit før ein ny runde med børsting (spesielt av Wonder) før oss slapp dei ut på jorde att. Etter dette pusset oss utstyret deirast før oss gav vatn og fôr samt renska området.

31.10.2014 
sammen med: alle eslene

Denne stoppen var sjå eslane Mais, Penny og Windo. Bestilte utstyr slik att eg kunne begynne arbeidet med dei og tok ein og ein ut for å gå ein tur etter å ha børstet dei. Da turen var over forsatte eg og øve med å lyfte hovene. Windo var den flinkaste og var raskast til å lære, men Penny og Mais var også lærevillige. Dei lettet raskt hovene så skoing og rensking blir nok ingen problem. Var også borti det å leggje trykk på ryggene deres for framtidig ridning og der var også alle flinke så det var mykje ros idag. Ble kort idag, men ettersom utstyret ikkje har kommet måtte eg improvisere med tau og hårbørste for dagen. Men det er vel klart til neste trening. Deretter slapp eg dei ut att på utegangen.

31.10.2014 
sammen med: alle hundene

Ettersom det er parringstid så ofte her så måtte eg gjere noko, så bestemte meg for å dele opp huset slik att hannhundane har halve og det samme har hoene. Heldigvis går gangen midt i huset med trapp og toalett etc så det går ann og praktisere dette. Etter å ha hentet vatn og fylt dei digre skålane til gruppane var det fôringstid for alle. Mens alle åt gjekk eg opp til Blue Eyes og slapp henne ut av basen så ho fekk gå fritt oppe og fylte opp ein posjon med fôr. Nytt vatn i skåla kom også. Da eg kom ned att gjekk eg ut og sjekket gjerdet og grinda før eg gjekk inn og rydda litt i huset. Trappen er stengt på toppen på grunn av kaninen, men eg tok uansett ei runde og såg etter noko som lå på golvet og som måtte ryddas burt. Da huset var rydda tok eg på meg vinterklær og fant nokon leikar frå leikekassa i gangen ut saman med jentane. Når dei hadde rasa frå seg gjekk eg frå dei og fant fram støvsugaren og rydda jentene sin plass før eg støvsugde. Etter ein stund ute tok eg og ropte alle bortsett frå Noka inn. Eg hadde prøvd å lært henne sitt ein stund og litt etter litt reagerte ho raskare så idag fant eg ut at eg skulle trene litt agility hinder med henne ettersom ho lyder meg og kjem. Ho forstod ikkje mykje i starten, men tok hindrene raskt derpå så etter ein stund lot eg henne få litt sportrening ved å finne godbiter i bakken ved hjelp av søk-kommandoen før ho fekk gå inn att. Dermed slapp eg gutta ut så dei kunne rase frå seg. Etterpå fant eg frem leietau / band til alle og leide dei ein tur før eg forlot dei på plenen. Dermed gjekk eg i gong med å ordne til sjå gutta. Da dei kom inn gjekk eg samme turen med jentane.

27.04.2014

sammen med: wonder, glory, spirit og noka

Etter å ha vore heime ein tur og hadde fått bestilt meg Spirit (hest) & Noka (hund) fekk eg melding om att Spirit & Noka var like i nærheita. Eg strekte på meg av glede og litt stivheit og spurtet glad burt til møteplassen ved Love Forever. Hunden eller hesten fyrst ? Eg valgte Spirit. Eg hadde allerede to nydelege hestar, men wow - for ein nydeleg hest eg hadde fått! Spirit var majestetisk, men vennleg sjel som kom og luktet på meg før oss gjekk saman med han inn i sin del av hallen. Han vrinsket og så seg nygjerrig omkring, men maten var allerede i krybben og han stakk hovudet ned og gomla fornøyd. Eg helste på Wonder & Glory og ga dei litt oppmerksomheit og nattaklem før oss gjekk ut for å helse på Noka. Denne fire år gamle jenta hoppet raskt ut av bilen ved kommandoen kom og sprang raskt, men kontrolert inntil meg. Eg roste henne og sa takk til sjåføren før Noka og eg gjekk inn i huset for å bli betre kjent. Raskt fant eg ut att buret var bra og trygt, men det beste var i sofaen. Og enda betre : senga. Godnatt og takk for idag.

27.04.2014

sammen med: wonder og glory

På ettermiddagen fekk eg skapplass og mottok nydelegheita Wonder. Eg slapp henne inn i utegangshallen og brukte tide tida til å beundre jenta mi. Etterkvart fekk eg også melding av lederen att ho kom med Glory og eg kom henne i møte slik att eg kunne få helse skikkeleg både på lederen vår og Glory. Han var praktfull, og når oss gjekk til utegangshallen der han skulle stå var det ikkje noko anna å gjere enn å beundre denne karen her. Trygt plassert i hallen prata oss litt før lederen måtte gå vidare. Eg forble der eg var og brukte tida på å bli kjent med begge hestene mine. Det led mot kveld og eg bestemte meg for å fôre og ordne med dei sjølv i kveld ettersom dette var fyrste dagen. Oss alle tre hadde ein del å ta innover oss så eg forlot dei får å sjølv kunne sjå meg rundt omkring og bli kjent, før eg gjekk heimatt.

28.01.2021

sammen med: sundance

Dagen gjekk i det vandte, med nesten atten minus på mårgåen så kledde eg meg godt før eg lufta hundane og gjekk i stallen og stelte dyra. Etter og ha børsta og salt opp Sundance så rei eg nokre rundar på det store jordet i Djupsnøen før eg stelte henne og la på eit svettedekken. Særleg Sundance fekk litt ekstra stell i dag på grunn av eit sår, så da vart det smøring både på mårgåen og kvelden. Ellers var det og stelle dei andre dyra.

29.01.2021

sammen med: sundance

I dag har det vore så mykje og gjere att eg såvidt har tid til og sette meg ned og skrive dette, men eg har fått trent fleire av dyra i dag samt forsatt sårbehandlinga på Sundance ved og smørja salve på såret både i dag tidleg også skal eg gjere det når eg skal ordne dyra for kvelden også.

01.02.2021

sammen med: sundance

I dag har tok eg og lufta hundane og stelte dyrane før eg tok Sundance ut på ein ridetur i Djupsnøen ein times tur før eg børsta ho grundig, la på eit svettedekken og gjekk med henne til ho var avkjølt før eg tok og hengte dekkenet til tørk og smørte på salve på såret både på mårgåen og kvelden.

02.02.2021

sammen med: alle dyrene

Begynte dagen som vanleg i huset med og helse på kattane før eg ordna meg og gjekk inn til kaninane og ordna sjå dei. Der fylte eg på vatn og høy samt litt pellets til alle før eg renska doane deirast og ordna golvet i rommet. Deretter gjekk eg ut med avfallet og vaska hendene før eg sjekka att både hundane og kattane hadde vatn og fant fram utstyret til hundane for og gå turen deirast. Halvparten blir i den store hundegarden heime ein dag også byttar eg neste dag. I dag var det hannhundane sin utflukt. Når oss kom heimatt så stelte eg ulvane og Magnetia før eg gjekk til stallen for og ta mårgå stellet samt smørja såret til Sundance før eg eventuelt på arbeid, som i dag. Når eg er ferdig så tek eg ut nokre av hestane/eslane for og trene dei før eg tek kveldsstellet (samt smørjar inn såret til Sundance på ny) før eg går heim og steller ulvane og panteren og tek kveldsstellet der og dyra inne.

03.02.2021

sammen med: sundance

I dag var det ein heilt vanleg dag eigentleg, burtsett frå att eg var litt redusert etter ein lang dag i går samt dårleg natt med lite søvn. Eg stelte uansett dyra som vanleg, og Sundance fekk stå på boks slik att såret skulle få gro seg til, etter beskjeden frå veterinæren sist. Håper det er lenge til neste gong noko skjer, eller helst aldri.. Men uansett vart det kosestund saman med Sundance i dag da, med børsting, tøying og bøying ved siden av att eg smørte salve på såret både på mårgåen og kvelden.

04.02.2021

sammen med: sundance

I dag var det ein ny dag med stell av dyrane med samme rutinar som før. Såret til Sundance har att kun skorpe ser det ut til, men ho fekk da ein runde med smøring både på mårgåen og kvelden uansett. Tok på ho leietauet etter mårgå stellet så oss gjekk ein liten tur for og få litt mosjon. Sjekka såret etterpå utan att det hadde skjedd noko så etter kveldsstellet fekk ho ein ny luftetur før oss tok ein ny kosestund med både børsting, massasje samt tøy og bøy før oss tok kvelden.

Eidsåsens frozen fruits
bottom of page