top of page

jobblogg kompis

05.02.2021            oppgave: temming       skrevet av marita
I dag ville eg prøve meg saman med mustang hingsten Kompis, så eg møtte utanfor rundpaddocken der han sto og lot han bli kjent med meg. Han var nysgjerrig, men også var på bevegelsene mine så eg ville ikkje strekke det lengere enn og stå der slik att han vart vandt til att eg var rundt han. Etterkvart som han vart tryggare på meg tok eg og bevegde meg slik att han skulle bli vandt til det også. Når eg syntes det var nok for i dag tok eg farvel med han og gjekk frå han med grinda åpen ut i paddocken som var knytta til rundpaddocken hans.
13.02.2021            oppgave: temming       skrevet av marita
Reiste til Kompis på ettermiddagen når det var betre temperatur og sto utanfor boksen hans så han skulle bli kjent med meg. Fyrst sto eg berre i ro og prata med han, men etterkvart kunne eg også bevege meg og gjere ting utanfor utan att han vart så skremt. Deretter gjekk eg og åpna døra hans og slapp han ut i rundpaddocken slik att eg kunne trene join up med han. Det tok sin tid og eg begynte og bli skikkeleg svimmel da han endeleg ville komme inn til meg, så eg snudde meg rundt og gjekk litt burt frå han og venta. Sto der litt før eg høyrte han kom og stoppa ved siden av meg. Eg klappa han før eg gjekk litt rundt, med han følgjande etter. Eg rosa han mykje før eg slapp han attende i boksen og tok farvel med han.
14.02.2021            oppgave: temming       skrevet av marita
I dag tok eg og reiste ut til villhesten Kompis for og trene han rett etter mårgå stellet. Da eg kom fram gjekk eg inntil boksdøra mens eg prata til han så han skulle skjønne att eg kom. Han verka mykje tryggare, men eg tok han ut i rundpaddocken att i dag for og trene. Fyrst fekk han springe rundt som i går, før eg snudde meg rundt og gjekk unna når eg såg han ville samarbeide med meg. Fortsatt like fantastisk følelse nå, etter så mange gongar! Når ein høyrar hesten vil vere saman med deg. Når han kom inntil snudde eg meg for og klappe han og rose han før eg gjekk litt rundt, og han fulgte heldigvis etter. Deretter tok eg og stoppa og strøk hendene over kroppen hans. Han ville flykte, men han var så flink att etter eit par steg sto han stille så eg rosa han og avslutta det. Eg henta grima ved gjerde og lot Kompis snuse på den splitter nye grima hans før eg tok den på og festa den raskt slik att den hang på i tilfelle det vart ein bukkete tur. Han rista på hovudet og skjønte ikkje heilt poenget. Spratt unna nokon skritt før eg gjekk unna. Det likte han ikkje så han bestemte seg for å følgje etter og dermed var grima grei. Når eg stoppa neste gong etter ca ei runde så tok eg og festa den betre for så og ta på leietauet mens oss fortsatte og gå på samme måte. Deretter gjekk oss saman attende til boksen hans med mykje ros og tok farvel etter litt godis.
15.02.2021            oppgave: temming       skrevet av marita

På ettermiddagen reiste eg ut til villhesten Kompis for og ta ein økt med han. Heldigvis er det så ljost nå att ein ikkje er så avhengig når ein kan trene!

Eg gjekk inn i stallen og helste på han før eg trente på og ha av og på grima så han skulle bli vandt til det, for eg børsta han grovt. Han er ikkje heilt trygg på det enda, men eg tok det roleg og med faste tak med rotbørsta, litt på kvar side før eg ga meg. Deretter tok eg på han eit lengere leietau og gjekk ut med han. Fyrst ein tur i rundpaddocken for og trene på litt kommandoar før eg slapp han laus der mens eg lukka grindane slik att han ikkje kom langt om han sleit seg. Vel attende sjå han klappa eg han når han sto i ro til eg kom inntil før eg leide han utanfor. Han vart forvirra når oss ikkje gjekk til stallen og ville gå dit, men til slutt klarte eg og få han til og gå nokre skritt ein anna veg. Plutseleg fant han ut det var greit og stå der så eg gjekk litt lengere, og da ville han heldigvis følgje med meg så oss tok ei lita runde rundt der eg til tider godprata med han før eg leide han attende i boksen og rosa han før eg fant fram børsta og prøvde på ny runde. Smått men sikkert går det også betre :) Litt seinare avslutta eg og ga han litt ekstra ros før eg rydda vekk tingane før eg tok farvel. Før eg reiste lukka eg oppatt grindane og reiste heimatt.

17.02.2021            oppgave: temming       skrevet av marita

Etter ein tidleg lunsj reiste eg ut til Kompis for og trene han ein siste gong. Han har vore kjempeflink og kommet så langt att det er på tide og starte vanleg trening med han. Men fyrst ville eg ha ein siste dag saman med han. Fyrst tok eg på han grima, noko han nå virka til og med ivrig på og få på, før eg leide han ein nokså lang tur. Det var litt bråk på turen så han var på nippet til og stikke av, men heldigvis fekk eg roa han så det ikkje skjedde. Det var fleire slike loppar på turen, men han roa seg før oss var i nærheita av stallen att så oss fekk avslutta turen på ein god måte. Vel inne kryssbandt eg han i stall gangen og børsta han. Han var rastlaus, men heldigvis roa han seg når eg børsta han så han sto nokså roleg. Dermed kunne eg endeleg børste heile han slik att han vart rein og enda finare! Kronen på verket var att eg kunne stå der og berre kose med han mens han søkte til meg. Da eg var ferdig leide eg han ein runde på garden for og sjekke korleis han var der. Han gjekk kjempefint med dei lange, fine stegane sine så eg leide han inn i boksen og tok farvel med han. Tusen hjerteleg takk for att eg fekk lov til og temme han, du har ein vakker og flink hest <3 Ta godt vare på han <3

Eidsåsens frozen fruits
bottom of page