top of page

jobblogg wonderful lucky
28.02.2021 oppgave: vanlig vaksine, ormekur, rasping av tenner, rasping av hover og vintersko med brodder
skrevet av marita
Etter og ha leid Wonderful Lucky ut på midtgangen så forsatte eg og prate med henne mens eg tok på gapegrima. Dette var nytt for henne så ho ville ikkje stå i ro, så eg benytta anledningen til og øve på dette. Etter ein lang stund, hadde ho roa seg såpass att eg kunne gå i gong med og raspe henne mens eg prata med henne. Ho prøvde og komme seg vekk forsatt, men måtte berre finne seg i att ho var og forble låst i kryssbandane der ho sto så ho ga opp. Snart var raspinga overstått så eg tok og bytta ut gapegrima og raspen med ormkuren. Syntes litt synd i ho når ho ikkje visste korleis dette var – det er jo fyrste gongen for ho stakkar, men var også godt att ho tok ormkuren med ein gong så eg rosa henne skikkeleg før eg gjekk vidare. Heldigvis var dette med løfting av bein noko oss hadde øvd på lenge, så det gjekk heldigvis fint så snart var ho ferdig raspa. Ettersom ho sto pent og roleg så fekk ho ein del ros før eg begynte med og sette på skoane. Desverre fekk oss ein kamp der, men skoane måtte på så eg heldt på til ho ga opp og fekk på skoen og brodden. Roste henne mykje kvar gong ho sto roleg og var flink.Sliten, men fornøyd over korleis resultatet vart, var ho ferdig skodd og fått på seg broddar så ho fekk ut til dei andre.
bottom of page