top of page
jobblogg wixena

04.03.2021    oppgave: ormekur, vaksine, rasping av tenner, hover og vintersko med brodder

skrevet av marita

Eg leide Wixena ut i stallgangen og festa ho opp der før eg tok og fant fram utstyret eg skulle bruke. Dette var nokså nytt for henne så eg prata roleg med henne og roste kvar gong ho gjorde noko rett. Eg målte opp rett mengde før eg klapsa henne på nakken der eg skulle stikke henne før eg satte vaksina, så fort det var gjort tok eg og sikra den før eg la den vekk for så og ta opp gapegrima. Den satte eg forsiktig på henne før eg tvang opp munnen hennes før eg tok fram raspen og begynte og raspe tennene hennes. Dei var litt ujamne, men ikkje altfor lange så eg fin raspa litt før eg sa meg fornøyd og la raspen i lomma på beskyttelses chapsen som eg hadde på meg, og tok av gapegrima for og leggje den på plassen sin. Deretter tok eg og letta ein og ein hov slik som under treninga, berre att nå måtte ho helde balansa lengere og ta det med ro mens eg raspa hovane før eg satte på skoen. Som kronen på verket tok eg på broddane. Deretter lot eg ho få ei pause før eg gjorde neste. Til slutt var alle hovane ordna så eg la utstyret til side for så og ta opp ormkuren eg målte til rett mengde før eg satte spissen inn i munnen hennes og skyvde inn klisset. Da rykka ho til, men det var alt inne så eg lot ho få stå og gomle på det og roste henne. Da eg visste ho var ferdig med det så leide eg ho ut før eg ordna stallgangen.

Eidsåsens frozen fruits
bottom of page